VI SØKJER ETTER DAGLEG LEIAR

Dagleg leiar i Preg Brattvåg Preg barnehager Brattvåg er ein privat barnehage med utvida kristen formålsparagraf i Øvrehjellen i Brattvåg som ligg i Haram kommune. Preg barnehager As eig og driv barnehagen på vegne av Misjonssambandet. Det er rundt 80 barn i barnehagen. Avdelingane Skogstjerna, Tiriltunga og Tusenfryd er småbarnsavdelingar for barna som er 1-3 år, Marisko har barn i alderen 3-4 år, og Blåklokka er avdeling for barna som er 4 -5 år og Utebasen Friskus er for dei eldste barna (skulestartarane). Friskusane har avdeling på ei eiga hytte som er på leikeområdet vårt.


Vi søkjer no:
Dagleg leiar i 100 % stilling

Arbeidsoppgåver


Dagleg leiar er eigar sin representant og leiar av barnehagen. Dagleg leiar har
hovudansvar for at heile barnehagen blir ein trygg, innhaldsrik og målretta verksemd.
Dagleg leiar skal leia barnehagen i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer,
kommunale vedtak, dei gjeldande vedtektene i barnehagen, Preg barnehager sin
formålsparagraf for barnehagane og retningslinjer og vedtak gjort av Preg barnehagar.
Dagleg leiar har desse hovudfunksjonane:
• Hovudansvar for personalleiing, pedagogisk arbeid og arbeid med verdiar
• Hovudansvar for dagleg drift og administrasjon av barnehagen
• Budsjett og økonomi
• Ansvar for å aktivt følgja opp arbeid med HMS og miljøretta helsevern
• Pleie eit tett samarbeid med eigarstyret for barnehagen
Kvalifikasjonar
• Barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og
pedagogisk kompetanse
• Vidareutdanning innan leiing eller tilsvarande kan bli vurdert som ein fordel
• Arbeidserfaring som pedagog med leiaransvar er ønskjeleg
• God relasjonskompetanse
• Gode leiareigenskapar, tydeleg leiar, evne til å lytte og til å ta avgjerder
• Oppteken av å skapa trivsel og eit godt miljø
• Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Det blir føresette at søkjar vedkjenner seg den kristne trua og forpliktar seg til å arbeida i
samsvar med gjeldande vedtekter, instruksar og verdidokument.

Vi kan tilby

• Lønn etter gjeldande PBL-tariff
• Pensjonsordning i Storebrand
• Moglegheit for aktuell vidareutdanning
• Eit positivt og engasjert personale
• Nettverk med andre styrarar i Preg barnehagar
• Godt samarbeid og oppfølging av administrasjon og styret for barnehagen
Det krevst godkjent politiattest, jmf barnehageloven § 30.
For spørsmål eller informasjon:
Asbjørn F. Haugstvedt
HR-leder
Tlf: 479 75 511
ahaugstvedt@pregbarnehager.no


Søknad og CV blir send: ahaugstvedt@pregbarnehager.no


Søknadsfrist: 28.11.2025
Tiltreding: etter avtale


Personopplysningar
Preg barnehagar er databehandlaransvarleg for den personlege informasjonen du
sender inn i søknaden din jf Personopplysingsloven artikkel 30.
Når du søkjer på ei stilling, aksepterer du at vi registrerer og samlar inn dei personlege
opplysningane du gir oss i søknaden din i rekrutteringsprosessen, jf
personopplysningsloven artikkel 6 og 9.
Vi beheld informasjonen til rekrutteringsprosessen er avslutta, for deretter å sletta all
informasjon om deg om ikkje anna er avtalt med samtykke.
Du kan be om innsyn i dei personopplysningane Preg barnehagar har om deg. Du kan
også be om at vi rettar ukorrekte opplysningar eller slettar informasjon om deg. Du har
når som helst høve til å trekkja tilbake samtykt til at vi behandlar personopplysningane
dine i ein rekrutteringsprosess. Vi kjem då til å fjerna søknaden og sletta
personopplysningane som er knytte til søknaden frå rekrutteringssystemet.

Ved å senda inn søknaden din:
1. Erklærer du at du har lese, forstått og akseptert retningslinjene ovanfor
2. Erklærer du at opplysningane i søknaden din er fullstendige og rette.
3. Samtykkjer du til behandling og varetaking av dei innsende opplysninga