VEDTEKTER FOR PREG BARNEHAGER
- Eigar
Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig og driv
Preg barnehager Brattvåg AS gjennom
Preg barnehager AS.
Styret for aksjeselskapet er ansvarleg organ for barnehagen og det organet som representerer eigaren. Eigar kan ikkje hente utbytte frå barnehagedrifta.
- Formål
a) Formålsparagraf etter barnehagelova
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på dei behova som barna har for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne eigenverdien til barndommen. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle formar for diskriminering.
b) Eigaren sitt formål for barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen gi barna kristen oppseding i eit godt og trygt miljø. Arbeidet med leik, læring og sosial kompetanse skal samla bidra til allsidig utvikling. Våre verdiar skal vise ansvar og omsorg for menneske rundt oss, lokalt, nasjonalt og globalt.
- Forvaltning av barnehagen
Barnehagen blir driven i samsvar med Bibelen og Den evangelisk-lutherske kyrkja si vedkjenning, lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehagelova)
og forskriftene til lova, rammeplan for barnehagar, og dei forskriftene og retningslinene som departementet til ei kvar tid fastset. I samsvar med barnehagelova § 1a andre ledd blir barnehagen driven med eit kristent føremål. Kristen tru, etikk og menneskesyn skal vere grunnlaget for alt som barnehagen held på med. Vedtekter og årsplanar skal bygge på same grunnvoll og vere med i grunnlaget for drifta av barnehagen.
- Avtale om drift
Barnehagen er godkjent av Haram kommune november 1973.
Og får tilskot av Haram kommune.
- Opptak av barn
Etter § 17 i barnehagelova skal alle godkjente barnehagar i kommunen samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal legge til rette for ein samordna opptaksprosess, der det skal takast omsyn til mangfaldet og eigenarten til barnehagen. Ønske og behov til brukarane skal leggast stor vekt ved sjølve opptaket.
- Opptaksmakt
Dagleg leiar er ansvarleg for opptak av barn i barnehagen.
- Opptakskrets
Barn frå heile kommunen kan søkje om opptak i barnehagen. Dersom barnehagen har ledige plassar etter at samordna opptak er gjennomført, kan barn frå andre kommunar søkje om opptak.
- Opptakskriterium
Ved opptak blir barn prioritert slik:
a) Barn med nedsett funksjonsevne, i samsvar med § 18 i barnehagelova, og barn som det er fatta vedtak om etter lov 17.juli 1992 nr 100 om barnevernstenester (barnevernslova) §§ 4-12 og 4-4, andre og fjerde ledd.
b) Søsken av barn som har plass i barnehagen.
c) Barn til tilsette.
d) Omsyn til alderssamansetninga til barna og sikre forsvarleg drift.
Står to søknader likt, vil opptak skje etter søknadsdato.
- Opptakslengde
Tilbod om barnehageplass gjeld frå opptaksdato, gitt i brev med tilbod om barnehageplass, og fram til skulepliktig alder.
- Opptakstidspunkt og oppseiing
Opptak av barn kan gjerast heile året, men hovudsakleg ved samordna opptaksprosess. Dagleg leiar kan, etter skriftleg søknad, tilby barnehageplass utanom hovudopptak.
Oppseiing skal vere skriftleg. Gjensidig oppseiingstid av barnehageplass er to månader, rekna frå 1. dag i månaden etter at oppseiinga er mottatt. Oppseiing frå barnehagen si side krev sakleg grunn. Oppseiingstida gjeld også for barn som det er takka ja til plass for, men der foreldre/føresette ombestemmer seg.
- Klage
Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass og på avslag om å få sitt første eller andre ønske oppfylt.
Utanom hovudopptak kan berre søkjarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelova § 18 klage dersom dei ikkje får plass (sjå ’Opptakskriterium’, pkt a).
Alle klager må gjerast skriftleg til kommunen. Ein må nemne kva vedtak det blir klaga over og kva grunnar som klagen støttar seg til.
Reglane for klagetilgang står i Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage, forskrift 2005-12-16 nr. 1477.
6. Foreldrebetaling
- 19 i barnehagelova pliktar offentlege styresmakter å behandle alle
godkjente barnehagar likeverdig i forhold til offentlege tilskot. Så lenge stat og
kommune følgjer denne paragrafen i barnehagelova, vil barnehagen følgje staten sine
vedtak om storleiken på foreldrebetalinga.
7. Misleghald
Dersom betaling for barnehageplass ikkje er mottatt i løpet av den månaden betalinga gjeld for, vil foreldre/ føresette få ein purreinkasso. Blir heller ikkje denne betalt innan 14 dagar, går saka til inkasso.
Ved gjentatt misleghald har barnehagen rett til å seie opp barnehageplassen.
Dersom foreldre/føresette skuldar foreldrebetaling for meir enn ein månad, har barnehagen rett til å seie opp barnehageplassen. Dette gjeld også når barn gong etter gong blir henta etter at avtalt opphaldstid er overskriden.
- Arealutnytting
Barnehagen har eit samla leike- og opphaldsareal på 401 m². Norma for barnehagen si arealutnytting er på 5,3 m² pr barn under 3 år, og 4 m² pr barn over 3 år.
- Opningstider/ ferieordning
Barnehagen blir driven som ordinær barnehage og er for barn i alderen 0 - 7 år. Opningstida er frå kl. 7.00 til kl. 16.30 måndag – fredag. Barnehagen er stengt i følgjande periodar: veke 29 og 30 (sommarstengt), frå og med 24. Desember til og med 1. januar, og frå og med palmehelga til og med 2. påskedag. I løpet av året er barnehagen i tillegg stengt fem kurs- og planleggingsdagar.
I juli har barnehagen åpningstider kl 8-16, med moglegheit til å ha utvida opningstid dersom foreldre har særskilt behov.
Barn skal ha fire veker ferie i løpet av eit barnehageår; tre veker skal vere samanhengande. Desse bør takast i tidsrommet juni-august.
Foreldrebetaling gjeld 45 timar pr veke for 100 % barnehageplass, og barna bør ikkje ha meir enn 9 timar opphaldstid pr dag.
- Foreldreråd
Etter § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit foreldreråd som består av alle foreldre/ føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje deira fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal også ta initiativ til dugnader i barnehagen og hjelpe til med å gjennomføre desse. Foreldrerådet vel sjølv leiar og sekretær. Foreldrerådet vel 2 foreldrerepresentantar til SU, der 1 er representant for Storbarn og 1 er representant for Småbarn.
- Samarbeidsutval
I samsvar med § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit samarbeidsutval (SU) som skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Det består av foreldre/ føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe har to representantar. Dersom barnehagen har meir enn to avdelingar, kan antal representantar frå desse to gruppene aukast. Eigar vel to representantar til SU, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Eigar vel sine representantar for to år, dei andre for eit år.
Dagleg leiar i barnehagen er sekretær i samarbeidsutvalet, førebur sakene, set opp sakliste og kallar inn til møte i samråd med leiar i SU.
Regionleiar, eller den regionstyret har valt, har møte- og talerett i SU.
Samarbeidsutvalet skal bli førelagt saker, og har rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagen sitt innhald, verksemd og forholdet til foreldra. Det skal ha informasjon om budsjett og rekneskap. Saker som gjeld tilsettingar, opptak av barn og liknande skal ikkje behandlast av samarbeidsutvalet.
- Dugnad
Foreldre/ føresette som takkar ja barnehageplass, pliktar seg til å vere med på inntil 4 timer dugnad pr. barnehageår pr familie, arrangert av barnehagen og samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet fastset antal dugnadstimar. Dersom pliktig dugnad ikkje blir gjennomført, skal foreldre/ føresette betale ekstra foreldrebetaling pr. misleghalde dugnadstime, fastsett av samarbeidsutvalet.
- Eigarstyret
Eigar utnemner eit eigarstyre for barnehagen. Eigarstyret skal vere eigar sitt lokale organ som hjelper dagleg leiar med oppgåver i samsvar med instruks for eigarstyret.
- Internkontroll
Barnehagen har internkontrollsystem etter krava i barnehagelova § 9. Barnehagen brukar PBL Mentor HMS som HMS-system.
- Ansvar
Barnehagen teiknar ulykkesforsikring for barn som har fått plass i barnehagen. Forsikringa dekkjer barnet 24 timer i døgnet gjennom heile året.
- Iverksetting
Vedtektene for Preg barnehager Brattvåg as,
gjeld frå 21/6-2024.
Godkjent av eigarstyret for Preg barnehager Brattvåg as, Dato: 20/6-2024.