Frå 1.1.2024 blei vi Preg barnehager Brattvåg, og NLM-barnehage Tryggheim Brattvåg blir historie. Etter 50 år som Tryggheim blir vi Preg.
Vi har med dette spennande nyheiter å dele med dykk - ei forvandling som speglar vår utvikling, engasjement og visjon for kvalitet og innhald.
Styret og eigarane har bestemt å endre namnet frå "NLM-barnehage …" til "Preg barnehager".
Vi trur på heilskapen i eit merkenamn, profil og logo for å være konkurransedyktig i dagens samfunn og for å bygge vidare på våre grunnleggjande verdiar og vårt oppdrag. Vårt nye namn, "Preg barnehager", oppfyller våre kriterium for å vere kort, visuelt tiltalande, og for å spegle våre kjerneverdiar og vår visjon. Dette gir oss moglegheita til å vere ein sterk aktør i barnehagesektoren.
"Preg barnehager" appellerer til småbarnsforeldre uavhengig av deira kjennskap til kristen tru eller Misjonssambandet. Samstundes beheld vi ei tilknyting til Misjonssambandet i vår profil.
Misjonssambandet vil framleis være tydeleg som våre eigarar, og deira namn og logo vil være ein integrert del av vår visuelle profil.
Den offisielle endringa til Preg barnehager vil skje frå 1. januar.
Vi er stolte av vårt nye namn og den retninga vi tek, og vi ser fram til å halde fram med å sette verdifulle spor i barnas liv.
Hugs! Vi er framleis dei same. Innhaldet, dei tilsette, verdiene og kvaliteten er uendra. Det er berre namnet som er nytt.
Barna skal oppleve seg verdifulle og oppleve mestring i kvardagen - "Sammen om å sette verdifulle spor".